Utkikspunkt for losar
Om lag her speida losar frå Helland etter båtar som runda Stadt.
Heilt sidan tidleg på 1700-talet har det vore oppnemnde losar på Sandsøya. Det var ei viktig åttåtnæring for fiskarbønder - samstundes som det gav tryggleik til skip som skulle passere den farefulle Flåværsleia.
Losane skulle halde vakt og tilby passerande skip tenesta si. Ingen hadde einerett: Alle som hadde losbrev for eit losdistrikt, konkurrerte. Dette vart kalla for fri losing, og det var bærebjelken i lostenesta i fleire hundre år. Inntekta til ein los var difor avhengig av talet på losingar. Den første som kom til skipet, skulle ha førsteretten til å lose det. Dette førte sjølvsagt til kniving mellom losar - også frå andre øyer i nærleiken - for losinntekta var attraktiv. For det første gjaldt det å få auge på skipet så raskt som mogleg, og så gjaldt det å kappro ut for å vere den første kunne klatre opp leideren og sikre seg fangsten.
På Sandsøya kom losane først og fremst frå Skare og Helland.
Den siste losen var Severin Helland. Då han døydde i 1920, tok losverksemda på øya slutt. Etterkomarar har framleis loskikerten han nytta til å speide etter båtar.