Kulturspor

Storebåtnaustet

Fiskeri · Sandsøya og Voksa, Sande

Bygninga står nemnd i 1846 som eit storbåtnaust av stavverk og bordkledning.

Storbåtnaustet vart rive i 1868, men bygd opp att med bordkledning og torvtak.

Seinare vart naustet gjort om til butikk. Ansgar Fiskaa innreidde naustet til butikk og kontor. På naustloftet var det rom til overnatting for seks båtlag.

Ditlev Olsen tok over og dreiv også butikk i fremste enden av bygninga.

Frå 1916 dreiv Otterlei & Longva butikkhandel, bakeri og fiskeriforretning, butikkhandel her. Etter kvart selde Otterlei & Longva også olje for Shell heilt nede på kaia.


Sandshamn18.jpg


På 1970-talet vart butikken flytta til ei ny bygning nokre meter nedover mot Vaskesteinsbuda, der hotellet ligg no.

Vis på kartet