Toftesundsholmen
Rasmus Rønneberg bygde stovehus, sjøpakkhus og eldhus her i 1866. Det vart drive med salting av fisk og innlosjering av fiskarar.
Rønneberg kjøpte gamlekyrkja på Rovde og nytta materialet til å byggje endå eit sjøpakkhus. Det fekk difor namnet “Kyrkja”.
Seinare vart det også drive tranbrenneri her.
I 1913 tok Andreas Myklebust til med silde- og fiskeforretning her.
I 1934 grunnla han saman med søneene familieselskapet Myklebust Preservering AS. Verksemda omfatta produksjon av fiske- og kjøtthermetikk som vart selt over heile landet.

Myklebust Preservering var ein viktig arbeidsstad på øya før nedlegginga.