Kulturspor

Fiskarheimen på Sandshamn

Fiskeri · Sandsøya og Voksa, Sande

Fiskarheimen vart innvigd i 1910 etter at heile bygninga vart flytta frå Flåvær.

I siste halvdelen av 1800- talet var Sandshamn eit av dei største fiskeværa på kysten. I fisketida var her årleg opp mot
1500 fiskarar samla. Soknepresten hadde såkalla «fiskeværteneste» her. Han samla då fiskarane til møtekveldar eit par gonger i veka og stundom meir. Møta vart haldne fleire stadar i nærleiken av hamna.

Men behovet for eit eige forsamlingshus var stort. Det vart skipa foreiningar med føremål å få bygt eit forsamlingshus. Fleire båtlag hadde såkalla «fiskarheimsgarn» i lenkjene. Det dei tente på desse garna, gjekk til inntekt for ein fiskarheim.

Soknepresten fann det svært ulagleg å halde møte i ein kjellar. Han hadde fått vite at fiskarheimen på Flåvær (Herøy) hadde økonomiske problem og skulle seljast. Peder Koppen gav tomt til huset og soknepresten reiste til Flåvær og kjøpte Fiskarheimen der for om lag 1200 kr. Tidlegare hadde dette huset vore nytta som forsamlingshus på Folkestad i Volda. Fiskarheimen på Flåvær vart så demontert og frakta til Sandshamna og sett opp her. Mykje av dette arbeidet vart utført gratis.

Vis på kartet