Moljekaia
“Moljen”, dialekt for “Moloen”.
Naturhamn
Sandshamn er ei naturhamn som var svært viktig for utviklinga av fiskeriet. Tilreisande fiskarar frå fjordane la til båtane og overnatta her før dei drog på torskefiske på havet neste dag.
Men sjøgang og storm skapte eit behov for tryggare hman. Moloen vart difor bygd i 1938 og forlenga og utvida i 1961. Uttaket av steinblokker til moloen er framleis synleg ikkje langt unna Samvirkelaget.
Ferjeanløp
I 1965 byrja ferjer å gå i rute til Sandsøy. Ferja la til like ved “Moljen”, på sørsida der fiskerikaia ligg i dag.
Ferja slutta å gå etter at Voksevegen vart opna i 1977, og Voksa vart anløp for alle reisande til Sandsøy.