Kulturspor

Postopneri og telefonstasjon

Historisk bygning · Sandsøya og Voksa, Sande

Her låg postopneriet på Sandsøya i ein periode.


Sandshamn fekk postopneri allereie i 1869, men berre vinterstida under fisket.


Johan Møller var den første postopnaren. I 1872 flytta han til Flatøy ved Voksa og tok med seg postopneriet. Postopnaren måtte ro til Larsnes med post to gongar i veka.


Postopneriet kom tilbake til Sandshamn i 1891 med Peder Koppen som fast postopnar. Seinare tok Kamilla Sandvik over.


Koppen dreiv også telefonstasjonen frå 1907. Telefonstasjonen hadde då vore i drift frå 1898 etter at det vart bygd ei telefonlinje frå Ålesund til til Sørøyane.

Både postopneriet og telefonstasjonen vart seinare flytta til andre stadar på øya.

Vis på kartet