Låna: Hovudhuset til handelsmenn på Sandshamn
“Låna” var bustadhus til hovudeigedomen på Sandshamn (Bnr. 1), og fleire handelsmenn har budd her sidan slutten av 1700-talet.
Ein tradisjon seier at bygninga var opphavleg prestebustad i Romsdal. Ho vart flytta til Herøy før ho vart sett opp på Sandshamn i 1812.
Bygninga har endra seg fleire gongar. I 1865 vart grunnmuren kalkslått, bordkledninga vart gul og det vart lagt nytt tak av teglstein.
Blant dei som har budd her, er Ditlev Olsen med familie.

Ditlev Olsen dreiv krambu på Mikkelholmen, der brua går i dag. Han kjøpt seg seinare inn i Sandshamn og flytta handelen dit. Bestefaren Frans hadde tidlegare drive handel der, men gjekk konkurs i 1865.
Etterkomarar til Olsen budde i huset fram til 1966. Huset stod tomt i mange år før noverande eigar har sett huset i stand i gjen.