Kulturspor

Forsamlingshuset Dollstun

Historisk bygning · Sandsøya og Voksa, Sande

Sandsøy frilynde ungdomslag har sterke røter frå norskdoms- og målrørsla og har vore midtpunktet i det frilynde foreiningslivet på øya.

Ungdomslaget vart skipa i 1892, og fram til 1905 var det berre ugifte som fekk vere medlemmar.

Ifølgje statuttane for laget skulle det “utbrede sund oplysning blandt ungdommen - ved oplæsning af bøker og blade, samtaler og og diskusioner…” Politikk og religion skulle ikkje vere diskusjonsemne.

Behovet for eit eige lokale vart sterkare, og ungdomshuset vart bygd på dugnad i 1928.


Dollstun har vore samlingspunktet for alt frå feiringar av 17. mai og skodespel til opplesing og lokale for bygdekinoen.

Vis på kartet