Kulturspor

Gamleskulen på Søre Sandsøy

Historisk bygning · Sandsøya og Voksa, Sande

Skulebygninga var ferdig i 1898.


Tidlegare låg det ei lite skulestove frå 1863 litt lenger sørover, ovanfor Støylegarden.


Barn som kom frå Sandsøy sør for Vågen, gjekk på denne skulen.

Ein av dei tidlegaste lærarane her var Peder (Per) Riste. Han kom frå naboøya Riste og markerte seg i målrørsla og fråhaldsrørsla.

I 1962 vart dei to skulekrinsane Nordre og Søre Sandsøy slått saman. Medan ein ny, felles skulebygning vart bygd på Bringsvor, vart forsamlingshuset Dollstun teke i bruk som skule ein kort periode.

I dag husar bygninga det lokalhistoriske museet.

Vis på kartet