Gamleskulen på Nordre Sandsøy
Skulen for Nordre Sandsøy (“Solheim”) vart innvigd 2. januar 1894.
Fram til då var det omgangsskule på denne delen av øya - medan Søre Sandsøy skulekrins hadde hatt skulestove sidan 1863.
Elevar frå Sandshamn, Våge og Helland gjekk på denne skulen.
På 1950-talet veit vi at elevar i 1. til 3. klasse (småskulen) gjekk på skule tysdagar, torsdagar og laurdagar, medan elevar i 4. til 7. klasse (storskulen) gjekk måndagar, onsdagar og fredagar.
Det var ingen lærargard på Nordre Sandsøy, så lærarar var gjerne innlosjerte hos lokale bønder.
I 1962 vart dei to skulekrinsane Nodre og Søre Sandsøy slått saman. Medan ein ny, felles skulebygning vart bygd på Bringsvor, vart forsamlingshuset Dollstun teke i bruk om skule ein kort periode.

