Kulturspor

Kalkverket på Voksa

Industri · Sandsøya og Voksa, Sande

Voksa har eit rikt kalkberg i ei kalkåre som strekkjer seg frå Breivik ved Larsnes og utover øyane.

Kalkverket kom i full drift i 1930 med 14 mann som vann ut 5000 tonn kalkstein. Steinen vart utskipa til celluloseindustrien.

Den første tida vart det bora kalk for hand, seinare ved hjelp av kompressor og luftdreven bor.

Image

Kalksteinen vart frakta med lastebilar til Grandbudneset aust på øya.

På byrjinga av 1970-talet stoppa produksjonen ved kalkverket heilt opp.

Vis på kartet