Juliabuda
Beskrivelse: Sjøbud/Handelsbud
Var opprinneleg ei sjøbud på ei høgd og 30 gongar 20 alner med skifertak. I 1875 vart sjøbuda bygd på til eit 2-høgda hus, der 2.høgda vart innreidd til bustadrom , kontor og lagerrom.
Opprinnelig funksjon: Industri, fremstilling, produksjon
Historiske opplysninger: Frå 1875 vart buda forbruksforeining , som i 1890 vart overteken av Peter Søvre og Isak Waage. Handelsbuda hadde postkontor og dampskipsanløp. Dei dreiv ilag til 1909 , då Peter døydde . Isak bygde ny Handelsbud og Einar (son til Peter) og kona Julie tok over i 1911. Telefon var innlagd i 1910. Der har vore plass til fleire industriforetak , og har bl a. hatt tønnefabrikk, skomakar,trandamperi, korkfabrikk og konfeksjonsfabrikk. Her har også vore Cirkus ,div festar , møter , bryllaup og loppemarknad.
Datering: 1800 tallet, tredje kvartal
Kilder: Sandesoger og slektsbøker.