Kalkverket i Våge
I tillegg til kalksteinlaget som går frå Saude og Breivik ved Larsnes til Voksa (sjå Kalkverket i Voksa), går det også eit kalksteinlag frå Sætre i Gursken til Våge. Her er laget mellom 4 og 12 meter tjukt.
I 1936 tok AS Kalcium til prøvedrift i Våge. Kvaliteten var ifølgje rapporten “sers fin”.
Kalken skulle fraktast langs vegen til Sandshamn for utskiping. I 1938 arbeidde to arbeidslag med å lage veg frå kalkverket til Våge og utbetre vegen frå Våge til Sandshamn.
Selskapet fekk konsesjon for drift i 1939, men det synte seg å vere lite lønsemd. Verksemda vart lagt ned etter kort tid.
(Frå Vestlandsnytt 16.02.1939)
Det er framleis mogleg å gå langs vegen frå Våge til kalkverket, der ein framleis kan sjå brot i kalkberget.