Kulturspor

Mølla på Sandsøy

Jordbruk · Sandsøya og Voksa, Sande

Her låg mølla på Sandsøy. Betongbygget stod ferdig i 1917 etter dugnadsarbeid av dei lokale bøndene og var i bruk i ca. 30 år.

Til skilnad frå moderne landbruk var dyrking av korn viktig blant bøndene, og då til eige forbruk. Særleg havre vart dyrka på Sandsøya.

Då mølla stod ferdig slapp bøndene å reise med båt til fastlandet for å male kornet.

Vis på kartet