Minnesmerke Fredrik Baade
Minnestein over Fredrik Peterson Baade (1848-1896).
Fredrik Baade var ein førande mann i det politiske liv og arbeid i Sande i 1880- og 1890-åra. Han var også ein
føregangsmann i fiske og jordbruk. Han var kyrkjeverje og varaordførar og hadde mange offentlege ombod.
Fredrik Baade var også hovudmann bak skipinga av Sande Venstreforeining. På veg til ein båtregatta i Trondheim omkom han i Breisundet saman med sønene Peter og Kornelius. Ragnvald J. Hauge og Knut J. Saure omkom også i denne ulukka. Opptaket til å få reist ein minnestein kom m.a. frå biskop Støylen, Anders Hovden og stortingsmann K. R. Sandnes.
Steinen vart avduka på heimegarden til Fredrik Baade den 6. juni 1938 og over 800 menneske var samla på Voksa. Etter avdukinga gjekk 30 båtar rundt øya med flagg og vimplar i mastetoppane og det vart ringt med kyrkjeklokkene på Sande og Åram.

