Kulturspor

Lemstovene på Skare

Byggjeskikk · Sandsøya og Voksa, Sande

På Skare finst framleis klassiske lemstover.

Ei lemstove er eit samanbygd hus med to lafta rom på kvar side av ein midtgang.

Det var vanleg å byggje lemstover på Vestlandet fram til heilt på slutten av 1800-talet.

Ei lemstove vart til ved at den gamle stova vart utvida og samanbygd, oftast med ei gammal bu frå tunet. Inngangen var gjerne det nye midtpartiet som “batt” dei to endane saman.

Seinare vart mange lemstover ombygde og utvida, td. reiseverk med sveitsarstil.

Lemstova på austsida av vegen var opphavleg ei stove som vart flytta frå Stordal i 1865. I løpet av nokre få år vart stova ombygd og gjort breiar slik at det vart kjøkken og gang i midten.

Image

Vis på kartet