Handelsbua H. S. Worren
I 1897 sette Olav Strand opp eit stovehus her og dreiv handel og bakeri, jamvel rutebåtekspedisjon ein periode. I 1909 slutta Strand verksemda og flytta til Trondheim.
Hans S. Worren tok over butikken i 1911 og fekk bygd eit sjøhus. I tillegg til butikk dreiv han også med oppkjøp av hummar og tilverking av fisk og sild i periodar. I den vesle bygninga ved sidan av dreiv han også med trandamping.
Sonen Olav dreiv handelen saman med faren til 1972, då han og broren Sverre tok over.
Butikken her har står urørt heilt sidan han vart lagt ned i 1990. Mange har minner frå då ein handla over disk her. Butikken var også sosialt samlingspunkt mang ein kveld.
Sjøhuset som H.S.Worren fekk bygd, vart teke av nyttårsorkanen i 1991 og ikkje bygd opp att.
